Heilt ny type skredsikring

Solid, kostnadseffektiv, enkel og berekraftig!

Bypass - ei framtidsretta løysing for skredsikring

Eit landstrakt land beståande av fjordar, fjell og eit vèrhardt klima – Noreg er i sanninga eit eineståande land. Det norske landskapet, naturen og klimaet som sterkt har vore med å forma den norske folkesjela, kjem likevel ikkje utan utfordringar for samfunnet.

Ein dokumentert årleg skredfrekvens på kring 6 skred kvar einaste dag langs fylkes- og riksvegane i Noreg (Ref. Statens vegvesen), viser diverre at relativt hyppige skred er ein realitet grunna landets topografi og klimatiske forhold. Forutan det faktum at skred kan vere særs farlege og forårsake alvorlige skadar og tap av liv, så er skredutsatte vegar ikkje minst ei samfunnsmessig utfordring for innbyggjarar og næringsliv i vårt langstrakte land.

Bypass skredoverbygg er modulbasert, og fungerer etter same sikkerhetsprinsipp som "ein bil plassert på høgkant".

Ei deformasjonssone i eit kjøretøy er konstruert for å absorbere og spre energien under ein kollisjon. Slik vert førar og passasjerar beskytta ved at store krefter frå ein kollisjon ikkje vert overført til kupeen under ei ulukke.

Det same prinsippet er lagt til grunn i utviklinga av Bypass skredoverbygg.

Eit solid og sikkert rammeverk i botnen (grøn sone) er dimensjonert til å tole alle kreftene frå eit skred utan å kollapse. På toppen av dette er det montert ein spesialutvikla støytdempande skredbane (raud sone) som gjennom tre sonar tek opp, dempar og avleier kreftene frå skredet – og dermed gjev full beskyttelse av vegbana under.

Bypass skredoverbygg er modulbasert, og er konstruert for å gjere det enkelt å bytte ut skadde seksjonar av skredbanen etter skred om dette skulle vere naudsynt.

 

Videoar frå Noregslanseringa av Bypass Skredoverbygg:

Kortversjon (01:39)

Kortversjon (08:53)

KVIFOR BYPASS SKREDOVERBYGG?

Bypass skredoverbygg sin funksjonalitet er dokumentert gjennom eit omfattande testprogram utført i 2023. Løysinga gjev særs god tryggleik mot dei vanlege skredtypane i Noreg, og saman med dei andre fordelane Bypass skredoverbygg gjev, er dette ei nyutvikla løysing som gjev nye moglegheiter for framtidsretta skredsikring under norske forhold.

Bypass skredoverbygg er ei skredsikringsløysing som er: