Jobb i Bypass

Vil du vere med på å bidra til ein tryggare kvardag langs norske skredutsatte vegar?

I Bypass er vi alltid på jakt etter den rette personen som kan vere med på å bidra i utvikling og realisering av framtida sine skredsikringsløysingar som bidreg til ein tryggare kvardag for alle trafikantar langs norske skredutsatte vegar.

Er dette noko for deg?

Sjå våre ledige stillingar under, eller send oss gjerne ein open søknad til post@bypass.no.

Bypass Skredsikring AS søkjer etter Strukturingeniør

Bypass Skredsikring er på jakt etter ein kreativ og løysningsorientert sivilingeniør/ingeniør med konstruksjonsbakgrunn, som kan bli vår framtidige tekniske leiar. Gjerne med erfaring frå stål eller aluminiumskonstruksjonar.