Ny skredsikringsløysing kan gje vesentleg tryggare vestlandsvegar

I løpet av tre år har gründerane bak Bypass Skredsikring på Stord utvikla og testa ut eit heilt nytt skredoverbygg som kan nyttast på nye og eksisterande vegar. Fullskalatestar viser at løysinga kan redusere fara for skadar og menneskeliv. No er produktet klart for marknaden. 


(12. desember 2023) Bakgrunnen for ideen var at meir ekstremvêr og klimaendringar har ført til fleire ras og steinsprang dei siste åra. Vegane i Vestland fylke er spesielt utsette for ras, viser tal frå Statens vegvesen.

– Me veit at mange kvir seg for å køyre på dei mest rasutsette vegane i fylket vårt. Og at det både er kostbart og tidkrevjande å utbetre vegane. Med den nye løysinga me har utvikla, sparar ein vesentleg tid og kostnader, og viktigast av alt – ein reduserer faren for skadar og tap av menneskeliv, fortel gründer og dagleg leiar i Bypass Skredsikring, Kjell Fylkesnes.

Han meiner skredoverbygget kan framskunde trygginga av vegar til dømes i Hardanger, i Sogn & Fjordane, og på strekninga Bergen – Voss.

Ny teknisk løysing
Konseptet er enkelt forklart eit prefabrikkert og modulbasert skredoverbygg som på kort tid kan monterast der det er behov.- I dag er gjerne alternativet eit betongoverbygg eller tunnel. Det tar mange år å etablere og er kostbart. Vår løysing kan produserast på tre til fire månader og monterast på svært kort tid ved skredutsette vegstrekningar, fortel Fylkesnes vidare.

Den tekniske løysinga består av eit bæresystem i stål og eit tak med røyrpakkar i aluminium. Desse dempar 85 % av energien ved eitt ras.

Ein dropptest av ein stein på 2.800 kg frå 30 meters høgde utført ved Bypass sitt testsenter på Stord. Testen dokumenterer at skredsikringsløysinga med god margin håndterer dei store kreftene, og gjev livsviktig sikring for trafikantene.

Det er gjennomført omfattande testar av den nye løysinga ved Bypass sitt testsenter på Digernes på Stord.

– Resultata må seiast å vere svært gode. Me har fullskalatesta skredoverbygget med dropp av både små og store steinar. Me ser at taket fint toler steinar på fem tonn i fritt fall frå 50 meters høgde, noko som sikrar trygg ferdsel under taket. Konsekvensane om ein slik stein treff bilar eller andre trafikantar ville vore katastrofale, seier Svein Terje Strandlie, forskings- og utviklingsleiar i Bypass.

Ein dropptest av ein stein på 2.800 kg frå 30 meters høgde utført ved Bypass sitt testsenter på Stord. Testen dokumenterer at ein usikra bil/minibuss og passasjerar vil verte knust i møtet med steinen. 

– Me har hatt eit breitt team med oss under utviklinga av skredoverbygget. Både ekspertar på styrkeberekningar og geologar har vore sentrale i utviklinga. Denne ekspertisen og dei utførte testane gjer oss trygge på at me har utvikla eit godt produkt. Me har sendt patentsøknad på løysinga, og så vidt me veit finst det ikkje liknande produkt andre stader i verda, held Fylkesnes fram.

Statkraft si veg i Mauranger
Ein skredutsett anleggsveg i Mauranger i Kvinnherad kan bli den første som tar skredoverbygget i bruk.

– Me har sjølv sett testane som er gjennomført av Bypass sitt skredoverbygg. Det har imponert oss. Bypass har saman med Multiconsult gjennomført eit forprosjekt for oss knytt til ein aktuell anleggsveg der me skal ferdast forbi gjennom tre sesongar. Tryggleiken for våre tilsette og underentreprenørar er førsteprioritet, – og ein slik skredoverbygning kan gjere den store forskjellen for oss. Går alt etter planen håpar me å bli dei første som tar Bypass skredoverbygg i bruk, avsluttar Anders Skaarer i Statkraft.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, fylgjer spent med på fullskalademonstrasjonen av Bypass under Norgeslanseringen av Bypass Skredoverbygg.

Fakta Bypass Skredsikring

– Ein idé utvikla for å trygge ferdsel langs rasutsette vegar.

– Løysinga skal spare kostnader og redusere fara for skader og menneskeliv. 

– Beresystemet er basert på kjente og utprøvde konstruksjonsprinsipp og er lett å prefabrikkere med ønskt utforming.

– Beredekket med si 4-lags aktiv demping er heilt unik, og er omfattande analysert og testa for ras av stein opp til 5 tonn frå 50 meter.

– Skredoverbygget kan ekspressmonterast, noko som gir minst mogleg stengt veg og minst mogleg tid for anleggsarbeidarane i det skredutsette området.

– Omfattande testar viser svært gode resultat.

– Løysinga er meir berekraftig enn tunnel og betongoverbygg, og gir vesentleg mindre fotavtrykk.

– Alle modulane kan resirkulerast 100 %.

– Innovasjon Noreg og Forskingsrådet har bidratt økonomisk til utviklinga av produktet, og Bypass er del av Atheno AS sin Siva-støtta inkubator.

– Gründer og idéhaver er Kjell Fylkesnes frå Stord.

Ny skredsikringsløysing kan gje vesentleg tryggare vestlandsvegar
Våre nettstad nyttar nokre få informasjonskapsler (cookies) til grunnleggjande funksjonalitet og analyse. I tillegg nyttar vi cookies til eit valfri kontaktskjema der vi ber om samtykkje før du nyttar dette.